Utsyn skal arrangera "Barnas Sommer" i år

Utsyn Misjonssenter på Finnøy blir den einaste i kommunedelen som skal arrangera «Barnas Sommer» i år.

Svanhild Eggebø Spanne (t.v.) og Sissel Marie Bjerga skal arrangera "Barnas Sommer" i sommar.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Utsyn Misjonssenter på Finnøy har fått tildelt støtte frå Barnas Sommer til å arrangera Sommarleirskule i veke 25 og 26. Opplegget føregår mandag til fredag kl 8-16, og har plass til 20 barn per veke. I løpet av veka blir det ulike frilufts- og hobbyaktivitetar, fisking, bading, besøk i Fiolen Familiepark, og Utsyn sin eigen versjon av Mesternes Mester. Kvar morgon blir det også ei lita samlingsstund der barna får høyra ei bibelforteljing, og høyra forteljingar og sjå film frå misjon- og bistandsarbeidet i land der Norsk Luthersk Misjonssamband driv arbeid. Samlingsstunda tar  utg.pkt i kompetansemåla for 1.-4. kl i KRLE-faget.,Sommarleirskulen er eit gratis tilbod, og er for barn født i 2011-2014 som bur i Stavanger kommune. Påmeldinga åpnar torsdag 27. mai kl. 9.00.,

NLM og Utsyn arrangerer også våre tradisjonelle sommarleirar, om enn på noko utradisjonelt vis pga smittevernhensyn. Det blir ein leir for kvart klassetrinn, ei overnatting per leir, og alle deltakarane må vere busett i Stavanger kommune. Desse leirane blir arrangert 11.-12. juni (barn født i 2013), 12.-13. juni (2012), 18.-19. juni (2011) og 19.- 20. juni (2010).

Stavanger kommune gi 50.000 kroner per veke i støtte, pluss 10.000 kroner til utstyr.

Publisert: