Bubilparkeringa på moloen i Vikevåg. (Foto: Rune Nedrebø)

STAVANGER:

Saka kom opp i forbindelse med diskusjonen om koronastøtte til reselivsnæringa torsdag. Elin Schanche (h) fremma eit forslag på vegne av Høyre, Venstre, Krf og Frp om at kommunedirektøren går i dialog med Vikevåg båtforening, Mosvangen Camping, Sjøberg Ferie, Sokn Camping og andre "tilsvarende aktører i kommunen", med sikte på ei god avvikling av sesongen, blant anna gjennom å gi nødvendige dispensasjonar.,

Situasjonen for bobilcampingen i Vikevåg båtforening blei trekte spesielt fram av både Schanche og varaordførar Dagny Sunnanå Hausken. Elin Schanche håpa at båtforeningen skulle sleppa ekstrautgifta på 13.000 kroner med å søkja om forlega dispensasjon for bobilparkeringa i tilknytning til båthavna.

Høyre-politikar Elin Schanche. (Foto: Rune Nedrebø)

I vedtaket blir det vist til at det ligg an til nok ein sommar med norgesferie, og at det difor er viktig å leggja forholda best mulig til rette for dette.

-Det er ein ekstraordinær situasjon, og me vil gjerne at kommunen tillet midlertidige grep ved å forlenga dispensasjonen utan at det skal kosta, gjerne for fleire år, sa Schanche.

Også varaordførar Dagny Sunnanå Hausken snakka varmt for båtforeninga.

-Vikevåg båtforening har jobba lenge for å få på plass ei bobilparkering. Det er ein fantastisk plass, båtforeninga ønsker å ta mot gjester til sommaren men utan at det blir for dyrt å tilrettelegga. Me veit også at andre, for eksempel Sjøberg ferie, jobbar med det same, og då må kommunen leggja forholda til rette slik at me er klar til turistane kjem, meinte Sunnaå Hausken.