Stavanger kommune med ordførar Kari Nessa Nordtun i spissen, ynskjer å vera ein god vertskommune for havbruksnæringa. Foto: Stavanger kommune

FINNØY/RENNESØY:

Onsdag denne veka inviterte nemleg kommunen til det første møte i det nyoppretta regionale Havbruksrådet. Her er mellom anna dei største oppdrettsaktørane Grieg, Bremnes og Mowi representert, i tillegg til kommunane Sandnes, Strand og Egersund. Men også representantar frå Rogaland Fylkeskommune og Universitetet i Stavanger møter.,I møte utfordra ordførar Nessa Nordtun deltakarane i havbruksrådet til å koma med innspel, og å gi tilbakemelding på korleis kommunen kan vera ein god vertskommune for aktørane i næringa. Havbruksnæringa er ei svært viktig næring både lokalt og nasjonalt, og gir store bidrag til verdiskaping langs kysten og i distrikta

-Som ein av landets største oppdrettskommunar,er sjølvsagt dei blå næringane eit av hovudsatsingsområda i den nye næringsstrategien til Stavanger kommune, meiner ordførar Nessa Nordtun. Ho kan røpa at ein eigen temaplan for havbruksnæring, miljø og klima også er på veg

.,

- Det er inga tvil om at havbruksnæringa er ei næring med eit stort potensiale, men som også har ein del utfordringar. Kommunen har som mål å vera ein pådrivar for vekst i næringa, og ynskjer å leggja til rette for den omstillinga som næringa treng for å driva lønsamt og bærekraftig, understreka ordføraren.,

Om kort tid skal også kommunalutvalget i Stavanger og dei to kommunedelsutvalga i Rennesøy og Finnøy behandla ei viktig innspelssak, som mellom anna omhandlar regelendringar i vilkåra for å driva med havbruk her i landet.