Kommunedirektør i Stavanger, Per Kristian Vareide.

RENNESØY:

Direktør Per Kristian Vareide i Stavanger kommune meiner flytting av biblioteket i Vikevåg bør venta.,

I eit svar til kommunepolitikarane Bjarne Kvadsheim (sp) og Øyvind Jacobsen (ap) om flytteforslaget lovar Vareide å leggja fram ei sak til Rennesøy kommunedelsutval om Innbyggartorget og spørsmålet om flytting av biblioteket.

-Samlokalisering av bibliotek, innbyggjartorg og frivilligsentral er kommunale tilbod som vil kunne spele godt samen. Tilgang på lokale og omsynet til utvikling av Vikevåg sentrum gjer samstundes at det ikkje er rett fram med samlokalisering av desse tenestene, skriv Vareide mellom anna.

Han gjer det vidare klart at det er nødvendig med ei breiare vurdering av dei kommunale tenestene i Vikevåg, der hensynet til ei god sentrumsutvikling ligg til grunn.

Bør venta

-Ei slik vurdering er under oppstart. Ei eventuell flytting av biblioteket bør vente til denne vurderinga er gjennomført. Denne saka er planlagt lag fram til Rennesøy kommunedelsutval og deretter til kommunalutvalet, skriv Vareide.

Talsperson for aksjonen mot flytteplanane, Anny Hatlen, opplyser at det hittil er samla inn over 500 underskrifter.

-Engasjementet mot forslaget har vore voldsomt, seier Hatlen til Øyposten.

Ho meiner likvel svaret frå kommunedirektøren ikkje er eintydig.

-Det kan tolkast i begge retn ingar. Me er nå i tenkeboksen om kva som er den beste strategien framover, seier Hatlen.

Skuffa SV'arar

Fleirtalet i styret for kulturhuset og biblioteket Sølvberget i Stavanger gjekk nyleg inn for å flytta biblioteket i Rennesøy frå kulturhuset i Vikevåg til det gamle rådhuset.

Styreleiar for Sølvberget KF er Eirik Faret Sakariassen (SV), og Sakariassen støtta forslaget saman med Ap og dei tilsette sine representantar.

Rennesøy SV sin medlem av kommunedelsutvalet, Tor Nestande, er skuffa over standpunktet til Sakariassen.

-Det er hol i hovudet, det trur eg folk i alle parti her i Rennesøy meiner. Forslaget botnar nok i at dei i byen ikkje er nok kjent med forholda i Rennesøy. Biblioteket er viktig for å oppretthalda aktiviteten i kulturhuset og skapa liv i sentrum, og der ligg ikkje kommunehuset. Dessutan fryktar me at ei midlertidig flytting blir permanent, seier Nestande til Øyposten.

-Er du skuffa over din partifelle i styret for Sølvberget går inn for flytting?

-Litt skuffa, men som sagt trur eg det skuldast at han ikkje kjenner godt nok til forholda her, seier SV-politikaren i Rennesøy.