Glenn Lyse er klar til innsats i MGP-finalen laurdag. Her heime med gitarane sine på Finnøy.

FINNØY-OSLO:

-Eg har fått mange hyggelege folk frå finnøybuar som har stoppa meg i butikken og ønskt meg lykke til. Det er veldig kjekt, seier Glenn Lyse til Øyposten.,

Artisten frå Finnøy er på veg inn til Oslo med flytoget, då Øyposten fekk han på tråden. Laurdag skal han i elden saman med resten av "Stavangerkameratene" som nummer tre. Låten "Barndomsgater" er han medforfattar og -komponist av. På engelsk heiter songen "Who I am". Vinnaren av den norske finalen får æra av å representera Norge i den internasjonale finalen i mai i Rotterdam i Nederland.

-Korleis er det med nervene før finalen?

-Heilt ok, dette har eg vore med på før, i Idol blant anna.

-Kva seier magefølelsen, blir det Rotterdam neste?

-Litt usikker, me føler oss som underdogs i denne finalen. Men det kjem sjølvsagt an på kor mange som stemmer på oss.

-Men du reknar vel med at heile Finnøy stemmer på "Stavangerkameratene"?

-Det synes eg dei bør gjera, om ikkje for anna enn at folk vil kunna ha mykje betre samvittighet viss dei treffer meg på Kiwi'en på Judaberg etterpå, seier Glenn Lyse humoristisk.

Nå blir det travle dagar før finalen laurdag kveld.

-Alt me gjer mens me er her i Oslo vil bli lagt ut på sosiale medier, både på Facebook, Instagram og Tiktok. Det er flott viss folk kommenterer og gir oss "likes", me vil prøva å svara alle me kan, seier Glenn Lyse.

-Kva helsing fekk du frå familien før du reiste?

-Stor klem og lykke til. Dei er spente dei og, svarar han.