Josefené Horvth (framme) i gang med å plukka perletomater i Hanasand Gartneri. Foto: Arkiv

FINNØY/RENNESØY:

Bakgrunnen for saka er at myndighetene ikkje vil gi dispensasjon frå den såkalla seksmånadersregelen for sesongarbeidarar frå tredjeland. Det vil seia frå land utanom EØS og Schengen-området, som Norge er ein del av. Dette får både Norsk Garnerforbund og Gartnerhallen SA til å reagere;,

»Gjeldande regelverk inneber at sesongarbeidarar frå tredjeland må tilbringa seks månader i heimlandet før ny søknad om opphalds- og arbeidstillatelse. Fleire arbeidarar som ønskjer å koma tilbake til Norge neste sesong risikerer å mista denne mulegheita, enten fordi dei ikkje får reisa heim i tide, eller fordi utreise har blitt forseinka på grunn av reduserte flyavgangar osv.,

heiter det mellom anna i begrunnelsen frå desse to grossist- og grøntorganisajonane.,

Det er omlag 3000 sesongarbeidarar frå tredjeland i Norge.Ein del av desse arbeider også i tomat- og veksthusnæringa i produksjonssesongen som nå strekkjer seg lenger og lenger utover hausten og vinteren.

Likevel kjem hovuddelen av dei mange sesongarbeidarar som arbeider i den lokale jordbruks- og gartnerinæringa  frå EØS-området  , som ikkje er underlagt dei same strenge restriksjonane.

Statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet, Vegard Einan, seier til avisa Nationen at det for tida er stor arbeisløyse i Norge, og at dei difor oppfordrar bønder og gartnarar til å bruka norsk arbeidskraft, eventuelt EØS- arbeidskraft, så langt det er muleg.

Gartnerhallen vil likevel ikkje slå seg til ro med dette.Dei fryktar for at mange produsentar som baserer si arbeidskraft frå desse tredjelanda, vil måtte redusere produksjonen sin kraftig, eller vil bli påført store ekstrakostnader om det ikkje blir gitt dispensasjon frå dette regelverket.