Idretten i Rennesøy og Finnøy jublar for grastis elbuss.
Både dagleg leiar i Mastra IL, Silje Hagen, og dei to fotballeiarane i i Finnøy og Mastra, Erik Torger Flesjå-Johansen og Eirik Hodnefjell, synest det er eit fantastisk tilbod at Stavanger Kommune og Frivilleghetssentralen i dei to kommunedelane stiller ein ni-setar elbus gratis til disposisjon for lag og organisasjonar i dei to kommunedelane.
- Jon Asgaut Flesjå
FINNØY-RENNESØY:
Det er både privatøkonomiske kostnader og ei rekke logistikkmessige utfordringar knyta til det å organisera og gjennomføra dei mange kampreiser som både fotball- og handballag i idretten i både Rennesøy og Finnøy gjennomfører i løpet av ein sesong. -Det er heilt klart at dette er eit veldig flott tilbod som me må studera nøye og benytta oss av, seier fotballformann Erik Torger Flesjå-Johansen i Finnøy IL.,
Både i Finnøy og Rennesøy kommunedel er det mange aldersbestemte lag som spelar både 5-ar, 7-ar og 9-ar fotball.-Om me ikkje alltid klarer å få alle spelarane med i ein slik buss, vil det uansett vera eit flott bidrag og gjera ting enklare i samband med kampreisene. Så, ja, dette er eit tilbod som høyrer svært spanade ut for oss her i kommunedelen Finnøy, undertrekar Flesjå-Johansen.
-Kan få til ei lokal "Hent meg løysing"
Eirik Hodnefjell i Mastar IL, deler så absolutt kollega Flesjå-Johansen sitt syn på dette, og ser også for seg at det kan vera eit viktig og solid bidrag til å få større oppslutning om lokale arrangement både internt i kommunedelen og på tvers av øyane.
Elbussen vil vekselvis vera stasjonært ei veke i Vikevåg og ei veke på Judaberg.
-Før koronapandemien hadde me etablert eit "Åpen Hall" tilbod for 4.-6. klasse i Mastrahallen. Dette blei veldig populært, men ein del av ungane hadde kanskje ei utfordring med å koma til og frå hallen på Mosterøy. Difor ser eg for meg at me gjerne kunne fått til ei lokal "Hent meg" ordning kopla opp til eit slikt ararngemnet.
Gode nyheter
,-
Og så kan det kanskje vera med på å gjera det enklare å få til felels meøtepalssar for barn og unge,og andre aldersgrupper på tvers av øyane i både Finnøy og Rennesøy og binda lag og organisasjonar tettare saman?
-Ja, så absolutt. Dette var gode nyheiter for ideretten og frivilligheten i både Rennsøy og Finnøy, konstaterer Hodnefjell.
-Eg vil snarast ta kontakt med Bjørg Vestbø i Frivillighetssentralen på rennesøy, for å forhøyra meg meir rundt dette. For dette var ei kjempenyheit for idrtten i Mastra IL og Rennesøy, jublar dagleg leiar Silje Hagen.