Pipa stod lenge som eit einsamt monument over den vesle plassen. Men til slutt måtte også den gi deg. Portsteinane er overgrodde av ville bringebær, og bak grunnmurane til både huset og løa har mektige tre vakse opp. Den rusta toppen til det som ein gong har vore ein staseleg omn ligg halvvegs gøymt av mosen.,

Ei tue med kvitveis lyser opp i det som ein gong var tunet. Det einaste som er nokonlunde inntakt er jordkjellaren. Forsegggjort og fint oppmura, med ei kjempehelle over inngangen. Døra ligg  velta innanfor.

Nådetre er ein gammal husmannsplass under Nådå. Ifølge Gards- og ættesoga for Finnøy kan det sporast folk tilbake til 1770. Den siste som budde her var Jakob og Gerda Steinsvik i tida rundt eller like etter andre verdskrig.

Bileta som viser korleis det såg ut på Nådetre, har Øyposten fått låna av Lars Fugledal. Onkel hans, Henrik Meling og kona Ingeborg budde her, truleg på 20-talet. Henrik og Ingeborg Meling flytta seinare til Olderhaugen ved Nådåsundet. Her hadde dei hønsehus, naust, drivhus og bikuber. Henrik dreiv også som tømmermann.

Nådetre blir i dag eigd av Per Nåden, som bur i Hillevåg.

Han overtok den to-tre mål store eigedommen etter mor si.

-Etter Steinsvik-familien flytta,  blei plassen leig ut til feirefolk nokre år.  Sølv var eg var opptatt med mitt i byen, og til slutt bles løa ned. Huset blei ståande tomt og utsett for ein del hærverk, og til slutt ramla også det saman. Det må ha vore på 70 talet. Det er synd, for det er ein idyllisk plass. Du kan sjå heilt til Jåttånuten frå Nådetre, seier Per Nåden.

Slik han hugsar plassen var det løe med vedaskut der, jordkjellar og hus med svalgang. Huset var halvannan etasje med plass til å sova oppe. Men her var det lågt under taklet. I første etasje var det kjøkken med stor grue, spisskammers, stove og eit soverom.

Viss nokon har fleire detaljar frå Nådetre, er eller veit om andre fråflytta plasser, er Øyposten glad for å høyra om det. Send oss nokre linjer, gjerne også med bilete.