SJERNARØY:

-Eg har båt og er godt kjent på Helgøysund. Det er ein alle tiders plass. Men det er første gang eg er her med showet mitt, seier Ingve "Goggen" Gottschalksen frå Hundvåg til Øyposten.,

Showet hans "Teltfest" har han hatt i fleire år, og på programmet står mellom anna allsang med populære og kjente slagarar.

-Han er ein meister til å skapa liv, ein av dei beste me har, skyt medarrangør Arvid Løkke frå Stavanger inn.

Teltet blir ein del av uterestauranten til Oddrid Nygård Nedrebø i Helgøysund, og dermed kan publikum sitja tørt sjølv om det skulle koma ein regnskur.

Det blir plass til 120 under teltduken, og arrangementet er alt utselt.

-Me kunne hatt plass til ein god del fleire, men det er viktig å ta skikkeleg hensyn til smittefaren når det gjeld korona. Difor har me sett grensa så lågt, seier dei to.

Men det blir ein ny mulighet til å oppleva "Goggen" live på Østhusvik 25. juli.