Slik går det an å tenka seg Judaberg sentrum på sikt.

Eit rykande ferskt utkast frå arkitektkontoret Arkidea Konsept på Randaberg viser teikningar av eit nytt og fresht Judaberg.,

Det var i fjor haust Næringshagen tok initiativ til ein idédugnad rundt ny sentrumsplan, og inviterte lokalt næringsliv og innbyggarar til ei uformell synsing. På bakgrunn av tankar og innspel som då blei lagt fram, har denne teikninga blitt uratbeida.

- Ingenting er sjølvsagt gjort eller regulert, dette er førebels berre eit innspel til kommunen, fylkeskommunen og grunneigarar, seier leiar i Næringshagen Tove Sivertsen.

- Kva tykkjer du om planen?

- Eg likar veldig godt tanken på ein strandpromenade i sentrum som går ifrå ferjekaia til Næringshagen, litt ala den blå promenade i Stavanger. Det er mange moglegheiter til å få det fint i sentrum, men det er langt fram, og teikninga her er berre eit fyrste forslag.

Det har i liten grad vore heilskapleg tenking som har ligge til grunn for den utviklinga som har vore i sentrum. Det som har skjedd av utvikling har vore i stor grad vore frå sak til sak.

- Kva ynskjer du deg av den nye sentrumsplanen?

- Det er fleire ting, men éin ting eg tenker spesielt på, er at det må vera lurt at turløypene på øya startar i Judaberg sentrum. Og då godt skilta sjølvsagt. For alle tilreisande, uansett kva veg dei kjem, må det vera mykje enklare å starta turen i sentrum, enn å komma seg til dømes til Teigen fyrst, eller til andre stader. Dette bør i så fall skje i samarbeid med Rennesøy og Finnøy turlag. Og har ein fyrst fått til det, bør det vera ein stad kor ein kan setta seg ned og få ein matbit. Det er utruleg mykje spennande det går an å få til med eit så godt utgangspunkt som Judaberg eigentleg er, seier Sivertsen.

Gjennom denne prosessen har det blitt lagt vekt på arkitektur og estetikk, og nye møteplassar, gjerne ein pub eller kaffibar. Eit anna ynskje som blei lyfta fram, er at sentrum bør bli skjerma for trafikk, og at det skal vera tilgjengelige næring- og bustadareal. Dessutan skal Judaberg ha eit variert heilårs tenestetilbod og auka talet på kompetansearbeidsplasser.

Utover desse tinga vart det og lagt fram forslag om gangsti rundt heile øya.