Finnøy: Stillinga skal opprettast frå 1. januar neste år.

Vedtaket blei gjort på bakgrunn av eit aukande behov for kyrkjeleg diakonal innsats i kommunedelane Finnøy og Rennesøy.

– Dette er eg veldig glad for og for den gode jhobben som diakoniutvalet har gjort i forkant. Den nye stillingen gjer at me som kyrkje kan bli endå meir synlege i lokalsamfunnet, seier daglewg leiar

Jobba i fire år

Sokna i Hesby, Sjernarøy og Talgje har sidan 2018 hatt eit utval som har jobba på tvers for å fremja ein diakonal stilling. Dette har resultert i eit grundig arbeid knyta til korleis det diakonale arbeidet skal utformast i Finnøy.

Utvala for sokna presiserer at ved å ha ein diakon kan samarbeidet mellom kyrkja, frivilligsentralen, grendelag, helselag, idrettslag og andre frivillige organisasjonar på øyane styrkast for å imøtekoma behov som er skissert i planen.

Ut frå forarbeidet som er gjort i Hesby, Sjernarøy og Talgje sokn sidan 2018, trur administrasjonen at arbeidet vil kunne komma raskt i gang.

Stillinga er løyva Fellesrådet i kommunen sitt budsjett for 2022. Per no blir desse midla brukt til ein diakon som koordinerer kyrkja sitt arbeid med dei ukarinske flyktningane i Stavanger kommune.

Stillinga blir lyst ut i løpet av hausten.