For lite pengar: Gratis ferjer må opp i fylkestinget

Fylkesdirektøren går inn for at Finnøysambandet og Ryfylkeferja blir gratis så snart som mulig, men vil at forslaget om gratis ferjer må godkjennast av fylkestinget.

Det er usikkerhet om fylket får dekka kostnadane med å gjera Finnøysambandet gratis.
Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

STAVANGER: Det er usikkerheten rundt finansieringa, i første rekkje av gratis ferje i Finnøysambandet, som gjer at fylkesdirektøren meiner at fylkestinget må godkjenna vedtaket.

Sidan gratis ferje i Finnøysambandet ikkje blei innført frå første juli, slik planlagt, men seinare i haust, er løyvinga frå Regjeringa tilstrekkeleg for i år. Men den er ikkje stor nok til å dekka gratis ferje i dette sambandet neste år, slik det ser ut nå. Hovedgrunnen er at staten har rekna med at lågare inntekter frå billettsalg enn Kolumbus har rekna ut.

I tillegg blir det rekna med bortfall i billett-inntekter på hurtigbåten, når Finnøysambandet blir gratis.

Usikker finansiering

Usikkerhet rundt finansieringa neste år, gjer at fylkesdirektøren vil ha saka behandla både i fylkesutval og i fylkestinget. Men tilrådinga er at gratis ferje i dei to sambanda blir innført så snart som mulig. Neste møte i fylkestinget er fastsett til 27. september.

Gratis ferje gjeld bil med førar og passasjerar, men ikkje for gods, og gods er den viktigaste frakta for Ryfylkeferja.

Vilkåret regjeringa har sett for å få gratis ferje er at ferjesambandet har mindre enn 100.000 passasjerar. Sjølv om Finnøysambandet har 157.000 passasjerar samla, fell sambandet likevel inn under ordninga, konkluderer Kolumbus. Det er fordi regjeringa har presisert at «fleirkant-samband» som trafikkerer øyar utan vegsamband til fastlandet kan få støtte.

Også Ryfylkeferja kan bli gratis.

Alle delstrekningane i Finnøysambandet er til eller frå øyar utan vegforbindelse til
fastlandet. Og sjølv om Finnøysambandet samla har meir enn 100.000 passasjerar per år, så har alle delstrekningane langt mindre enn dette.

Færre tar hurtigbåten

Gratis ferje i Finnøysambandet vil kosta 15,9 millionar kroner i året.

Kolumbus påpeikar også at gratis ferje her vil kunna føra til at færre reise med hurtigbåten, og heller reiser med ferje i staden.

«En innføring av gratis ferjer i Finnøysambandet vil i tillegg kunne medføre lavere passasjerinntekter for dagens hurtigbåter dersom det blir en overgang fra
hurtigbåt til ferjer på enkelte delstrekninger», heiter det i notatet.

Fylkesdirektøren har også vurdert gratis ferje på Lysefjorden, men vil venta til det er kome ei juridisk avklaring om det er mulig å gi gratis ferje bare til lokalt næringsliv og fastbuande i fjorden.

Publisert: