Jakta i gang, ubegrensa jakt på rådyr på Ombo

Nye reglar skal gjera rådyrjakta meir attraktiv og regulera bestanden på Ombo.

Det blir kvotefri jakt på rådyr på Ombo.
Publisert: Publisert:

OMBO: Dei nye reglane opnar for kvotefri rådyrjakt på Ombo innan gjeldande jaktperiodar. Det vil sei at det er fritt fram for medlemmane i viltlaga å fella så mange dyr dei vil på øya. Tidlegare var rådyrjakta regulert på same måte som hjortejakta.

Den proffe jaktbua på Ombo. Legg merke til vaieren som kan åpna vinduet.
Jaktbua er til og med utstyrt med behageleg kontorstol.

Den regulære rådyrjakta går føre seg mellom 25. september og 23. desember kvart år, men bukkejakta starta allereie i går.

– Målet med dei nye reglane er blant anna å opna opp for meir jakt på rådyr på øya. Generelt vert det jakta altfor lite rådyr. Både Ombo, Sjernarøy, Fogn og sør på Talgje burde det blitt skote langt fleire dyr. På mange av øyane er det ingen som jaktar i det heile tatt. Me ser at rådyra gjer skade på fruktavlingar og dei forårsakar ein del påkjørslar.

Restriktive grunneigarar

I Rennesøy fins det flest bestandar rundt Østhusvik og Hanasand, men der gjeld dei same reglane som resten av øyane.

– Kvifor er det så få som jaktar rådyr?

– Det er fyrst og fremst grunneigarane som er restriktive med å tillate jakt. Elles er jo rådyra ein del mindre enn hjort og har såleis mindre kjøt. Smaken på kjøtet er mildare enn hjort, men det er ein smakssak. Det ligg eit stort potensiale i rådyrjakt for grunneigarar som vil driva jaktutleige. Det er mange jegrar som ønskjer å betala for å jakta rådyr. Fleire grunneigarar burde vurdert utleige som ei attåtnæring, opplyser naturforvaltar i kommunen, Vegard Ankarstrand.

Ikkje rådyr på Finnøy

Rådyrbestanden er ulikt fordelt i kommundelen. På alle øyane har det vore store bestandar i alle år, men aldri på Finnøy. Det er det mange som undrar seg over.

– Det gjer eg og, i 40 å har eg lurt på kvifor det er slik. Eg har ikkje eit godt svar. Når det er sagt trur eg det kan vera ein og annan «slengar», men det er ingen bestandar.

Under bukkejakta er det ikkje tillate å bruke hund, og rifle er i det einaste lovlege våpen i denne perioden. Det er heller ikkje lov å bruka store jakthundar som er for tøffe i møte med rådyra, opplyser Ankarstrand.

Rådyrjakta er i gang.