Det blir fyrverkeri kosta av kommunen komande nyttårsaftan.

STAVANGER:

Det blei avgjort av utvalet for miljø og utbygging onsdag. Leiar i utvalet, Rune Askeland (mdg) trur kommunale rakettar kan fyka i vêret frå Judaberg og Vikevåg alt komande nyttårsaftan.,

-Det prøver me å få til, og det trur eg skal gå, seier Askeland til Øyposten.

-Kva er formålet med kommunalt fyrverkeri i Finnøy og Rennesøy?

-Me har fått ein del innspel om at det er ynskjeleg. Mange hugsar tilbake med glede på det flotte fyrverkeriet som kommunen spanderte nyttårsaftan 2020, då Finnøy, Rennesøy og Stavanger gjekk saman til den nye kommunen. Det kunne også observerast frå naboøyane.

Dessutan håpar me at dette skal bli eit samlingspunkt nyttårsaftan, og at det også kan redusera det private fyrverkeriet. Det er nemleg ikkje mykje som kan konkurrera med flott kommunalt fyrverkeri, seier Askeland.

-Det er mykje bønder med husdyr i området, kva tenkjer du om det?

-Me har også fått tilbakemeldingar frå bønder som ynskjer mindre privat oppskyting, det håpar me nå å oppnå, seier han.

Rekninga for oppskytninga i dei to kommunedelane antyder kommunedirektøren at kjem på 265.000 kroner. I tillegg til Finnøy og Rennesøy blir det fellesfyrverkri i sju kommunedelar i Stavanger.