NYNORSK:

Alle elevar i ungdomsskulen og dei to vidaregåande skulane i Ryfylke kan delta.,

Teksten må vera på nynorsk, og handlinga finna stad i Ryfylke. Sjangeren er valfri, og både bloggar, noveller, dikt, Insta-innlegg med tekst og bilete og Twitterforteljingar blir tatt imot.

Det blir kåra tre vinnarar som alle får 5000 kroner kvar, og vinnarane blir publisert i Ryfylkemuseet si årbok: Folk i Ryfylke.

Døme på tema er livet på og utanfor sosiale media, ein sommardag, heimstaden min, mitt møte med Ryfylke og dialektane, naturoppleving, ein wow-augneblink der alt stemde og livet var på topp, klimautfordringar, dialekta mi, bestefar min eller ein annan eldre slektning og framtid.

,Teksten skal ha godt språk, nerve og visa kreativitet. Fristen for å koma med bidrag er 13. juni, og vinnaren blir kåra 22. august.