Ekspressbuss frå Finnøy blir ei sinke

Ekspressbuss frå Finnøy til Stavanger sentrum vil ta ein time og 10 minutt, 10–15 minutt lenger reisetid enn hurtigbåten. I returen frå Stavanger til Judaberg er det endå større skilnad.

Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Ekspressbuss blir ingen gevinst, tidsmessig.

FINNØY: Kolumbus er heller lunka til å oppretta ei ekspressbuss-rute frå Judaberg til Stavanger, og vil heller sjå det i samanheng med det totale rutetilbudet i øyane. Mellom anna kan ein matebuss til rute 10 frå Rennesøy vera eit alternativ. Rute 10 har avgang kvart kvarter.

Mens hurtigbåten treng 52–57 minutt til byen om morgonen, alt etter kva rute det er snakk om, vil ein ekspressbuss bruka ein time og 10 minutt.

Hurtigbåten er raskaste reisevegen for finnøyfolk.

På returen om ettermiddagen brukar hurtigbåten bare 38–43 minutt frå Stavanger sentrum til Judaberg, alt etter kva to avgangar dei reisande vel.

I ein radius på 500 meter frå Judaberg bur det vel 500 personar. Skal bussen dekka eit større område på øya, vil reisetida blir lenger, ifølge Kolumbus.

«I tillegg vil den fra Rennesøy gå parallelt med dagens rute 10 som i rushtid per idag, har kvartersfrekvens mellom Rennesøy og Stavanger», heiter det.

For pendlarar blir det ingen skilnad i pris, sidan ordninga med «hjem-jobb-hjem» vil gjelda både for buss og båt. Men utan denne ordninga vil truleg hurtigbåten koma tapande ut prismessig, utan at det er oppgitt nokon billettpris for buss frå Judaberg. Fullpris på hurtigbåten er 122 kroner frå Judaberg til Stavanger.

Kostnaden med ekspressbuss frå Judaberg til byen tilpassa arbeidsreiser, vil vera 770.000 kroner i året.

Det er også vurdert ekspressbuss frå Hjelmeland til byen, og her vil eit slikt tilbud koma betre ut viss bussen går direkte frå Hjelmelandsvågen til Stavanger sentrum. Reisetida blir eit kvarter til ein halvtime kortare enn dagens busstilbud, kor det i tillegg er bussbyte. Men ulempen er at ekspressbussen ikkje vil plukka opp passasjerar langs ruta, slik dagens bussrute 140 gjer. Gjennomsnittleg passasjertal i dag er ni passasjerar.

Kostnaden med ein ekspressbuss frå Hjelmeland er 840.000 kroner i året.

Bakgrunnen for saka er at fylkespolitikarane vil ha eit betre samspel mellom båt, buss og ferje som drar nytte av dei nye fastlandsforbindelsane, og har bedt om ei utprøving av ekspressbuss frå både Judaberg og Hjelmeland til Stavanger. Fylkespolitikarane får saka på sitt bord neste veke.