Fullt hus på aksjonsdagen på skulen på Finnøy
Finnøy skule har lange tradisjonar i å arrangera aksjonsdag. Fredag aksjonerte elevane på barnetrinnet for «Leger uten grenser».
- Oddbjørg Måland
FINNØY: Kulturstova var fylt til siste stol med stolte foreldre og besteforeldre som kom for vera med på den årlege aksjonsdagen.
Vakkert framført song
Elevane opna aksjonen med å framføra to tematiske songar, Sambalele og Øya, så vakkert at det var mange som måtte svelja ein ekstra gong.
– Me har øvd på songane mest ei heil veke, og så har me også gitt i lekse å øva på dei, fortel Ina Helgøy Eggebø.
Og det var faktisk råd å høyra.
Rektor Bente Tjelta opna arrangementet med å fortelja litt om årets TV-aksjon, og om kor heldige me er som bur i Norge som har eit helsevesen som fungerer. Ho oppfordra dei frammøtte om å åpna lommebøkene og ta litt ekstra godt i for ei viktig sak.
I tillegg til kaféen med mange forskjellie godsaker, er det mulig å bryna seg på ulike aktivitetar og gjettekonkurransar. Eit av klasseromma er omgjort til loppemarknad med store og små«skattar.» Alida i 3.klasse står med ein vase i handa som farmor skal få til jul.
– Hadde bestemor levd skulle ho og fått ein slik vase, seier Alida.
Store beløp
I andre klasserom er det ulike aktivetar som elevane sjølve har ansvaret for, med bare bitte litt hjelp.
– Kva veit du om «Leger uten grenser»?
Ina, vil ikkje sei så mykje, men ho kan opplysa at mamma jobbar på legekontoret, og det er godt nok.
– Dette er eit flott tiltak og ein organisasjon som det er vel verd å støtta, seier farfar Øystein Eggebø.
Tidlegare år har elevane omsett for rundt 30.000 kroner på aksjonsdagen.