Værvarselet for dagane som kjem er det aller beste, for dei som likar godvær.

Gjennom helga er det fare for nattefrost, men elles er det bare sol i sikte.

Me er inne i ein solid godværsperiode, kan det sjå ut som.

Dei neste tre vekene, det vil sei heilt fram til påske, er det under 50 prosent sjanse for nedbør alle dagar, ifølgje Yr sitt 21-dagarsvarsel.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no