Tok av fleire kilo i tøft vér på lofotfiske

Tor Bernhard Harestad tok av fleire kilo under det barske véret på lofotfiske i år. Han karakteriserer årets fiske som «ein fiasko».

Tor Bernhard Harestad og mannskapet hadde eit tøfft opphald under årets lofgotfiske.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Harestad var i Lofoten i tre veker. men utbytte av fiske blei ikkje meir enn fire tonn av ein kvote på 15,5 tonn.

-Me hadde bare to dagar med fint vér. Elles var det ruskje, og det var rett og slett vanskeleg å fota seg ombord. Eg trur eg tok av 6–7 kilo under opphaldet, seier Harestad til Øyposten.

I tillegg til elevendig vér, var det også lite fisk.

-Fisken stod i bakkane, som dei seier der oppe. Det vil seia at han stod lenger ute i havet og beita på lodda. Me hadde ikkje båt som me kunne gå ut i havet med, då må du ha større båtar, seier Harestad.

Tor Bernhard Harestad kom heim laurdag kveld, og båten er venta heim tysdag.

-Blir det siste gongen på lofotfiske?

-Det har eg sagt før, men nå er det garantert siste gongen. Eg har ikkje helsa til dette, seier Tor Bernhard Harestad, som legg til at forpleininga ombord i «Elieser» var framifrå.