Coop’en utvidar åpningstida om kvelden med ein time

Coop Extra på Finnøy utvidar åpningstida om kvelden med ein time, fram til klokka 23. Åpningstida om laurdagen blir uendra.

Det tek litt tid å endra åpningstidene på fasaden, så foreløpig blir dei uendra.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Me ser at folk handlar meir om kvelden, seier dagleg leiar i Coop Extra på Judaberg, Per Ove Rosland til Øyposten.

Ifølge Rosland går omsetninga ned mellom klokka 19 og 20, men tek seg opp igjen etter klokka 21.

-Me ser ein trend at fleire ynskjer å bruka butikken om kvelden. Det tek me konsekvensen av nå, opplyser Rosland.

Den nye åpningstida blir gjort gjeldande frå torsdag av.

-Må det auka bemanninga på grunn av dette?

-Nei, det er ikkje nødvendig. Men hadde me utvida om laurdagen måtte me hatt fleire folk, seier Per Ove Rosland.