Her er styret i det nyfusjonerte selskapet. Bak frå venstre: Rolf Magne Haukalid (Forsand), Guttorm Gudmestad (Rennesøy), Ole Magnar Birkeland (Sauda) og Magne Hebnes (Finnøy). Føre frå venstre: Tone Melberg (Strand) og Ida Nerheim (Suldal). Foto: Landbrukstenester Ryfylke SA

«Med om lag 650 medlemmer og 1600–1700 personar på lønningslista kvart år vert forventa omsetning godt 100 millionar for 2024» skriv nye Landbrukstenester Ryfylke SA i ei pressemelding.

Valet om å fusjonere blei tatt med den hensikt å skape eit meir robust lag der ein til dømes sikrar at det alltid er folk på kontoret, med god oppfølging og tenester.

– Hovudkontoret blir på Finnøy, med avdelingskontor både på Sand og i Årdal, sa Arne Madland til Øyposten då han tidlegare fortalde oss om planane for laga.

Arne Madland er leiar av Landbrukstenester Ryfylke SA. I bakgrunnen kan du skimte kontoret deira. Foto: Sigbjørn Høidalen

Ryfylke landbrukstenester SA jobbar hovudsakleg med velferdsordningane i landbruket, som ferie- og fritidsavløysing, sjukeavløysing og landbruksvikarordninga.

– Me kan hjelpa med søknader om sjukeavløysing for bonden, og skal vera ei støtte i både vanskelege og gode tider. Arbeidsgjevaransvaret for dei som jobbar i desse ordningane ligg hos laget, noko som er ein god tryggleik for bøndene, sa Madland vidare:

– Me driv også med rekrutteringsarbeid blant anna i form av avløysarkurs i 10 klasse, formidling av arbeidskraft frå utlandet og generell formidling av arbeidskraft i lokalmiljøa.

Laget arrangerer i tillegg kurs som er relevante for bønder. Ein gong i året gir dei ut «Prislista Finnøy Maskinring» med leigeprisar på maskinar og diverse nyttig fagstoff.