Innan året er omme skal Rennesøy bibliotek flytta ned frå andre til første etasje i kulturhuset Meieriet. Biblioteket skal samlokaliserast med innbyggjartorget og frivilligsentralen, er planen, i den delen av bygget der det tidlegare var bank.

– Den gamle banken har fleire berande vegger som ikkje kan rivast. Så det nye biblioteket blir mindre og blir fordelt på fleire rom enn det gamle, seier eigedomsforvaltar Terje Andersen i Stavanger kommune.

Ivrig husbrukar

– Eg likar ikkje store opne rom. Eg trur det kan bli koseleg med eit mindre bibliotek med fleire rom, seier Anne Slettebø.

Øyposten er innom torsdag formiddag for å lodda stemninga. Slettebø er på biblioteket for å strikka, ta ein kaffi og slå av ein prat. Ho bur i Vikevåg og brukar kulturhuset Meieriet aktivt.

– Eg er på yoga, eller pust og pes, som me kallar det, i Osta-lageret kvar tysdag. Fredag skal eg hjelpa til i Kafé Banken, og seinare i dag skal me setja deig til rundstykkene, seier Slettebø.

Lokalet der me sit og pratar skal bli ungdomsklubb. Kan henda blir det staden for «pust og pes» òg, sidan Kafé Banken etter planen skal inn i Osta-lageret?

Ser lyst på det

Koordinator Rebecca Egeland i Rennesøy bibliotek er i likheit med Slettebø ikkje veldig uroa over at arealet krympar.

– Det viktigaste er at me kjem på bakkeplan, så får det heller våge seg om lokalet blir litt mindre, seier Egeland.

Ho fortel at behovet for å ha ei stor boksamling har blitt mindre etter at biblioteket i Rennesøy blei ein del av Sølvberget, det vil sei biblioteket i byen.

– Me får boktransport to gonger i veka frå byen, og det er enkelt å bestilla, seier Egeland:

– Det er snakk om at me skal få ei felles skranke med innbyggjartorget. Akkurat korleis det blir er vel ikkje heilt bestemt, men eg trur det blir bra.

Stramt budsjett

Kommunen hadde nyleg eit nytt møte med alle dei framtidige brukarane av Meieriet. Eigedomsforvaltar Terje Andersen har fått nokre fleire svar.

Terje Andersen er forvaltar for Stavanger kommune sine eigedomar i Finnøy og Rennesøy kommunedelar. Foto: Privat

– Me har eit veldig sparsamt budsjett, men eg håpar me skal blir ferdig i år, seier han.

Kommunestyret har sett av 10 millionar kroner til utvikling i Vikevåg i 2024, men 2 av desse skal gå til å planleggja helsehus. Til den store ombygginga av Meieriet står altså åtte millionar att.

– Over påske sender me på anbod ny heis, eller løfteplattform, det vil sei ei type heis som går litt seinare enn ei vanleg heis. Prisen reknar me med grovt sett at vil bli kring 700.000 kroner, seier Andersen.

Håpar på meir

Den gamle bankdelen må få nytt ventilasjonsanlegg, som er kostandsreikna til kring ein million. Så må det skiftast ut to store sikringsskap, og det skal lagast ein gjennomgang i to etasjar mellom den gamle banken og resten av bygget. Då må det lagast nye brannteikningar.

– Det blir ikkje mykje pengar igjen til måling og slikt, seier Andersen.

Denne elektriske taval i Meieriet verkar moden for modernisering. Foto: Sigbjørn Høidalen

I Rennesøy kommunedelsutval tysdag orientert utvalsleiar Tor Bernhard Harestad om framdrifta.

– Me skal henta inn meir pengar til Meieriet enn det som er sett av til nå, det kan eg bare sei. Eg har ikkje lov til å sei meir, sa Harestad.

Håpet er at kommunestyret sett av meir pengar til Vikevåg i revidert kommunebudsjett før sommaren.