I februar vedtok Rogaland fylkesting dette om ferjene:

«Innføring av betaling settes i verk så raskt som mulig, og senest 1. april 2024.»

Første april er andre påskedag, men så raskt går det ikkje.

– Me startar innkrevjing på ferjene så fort som praktisk mulig, men det blir ikkje frå 1. april som tidlegare varsla, skriv kommunikasjonsrådgjevar Morten Nesvik i Kolumbus i ein mail til Øyposten fredag:

– Grunnen er praktiske forhold som anbodskonkurranse, opplæring og tekniske tilpassingar. Så snart dette er på plass, vil innkrevjinga starte. Det er ikkje sett ein endeleg dato, men betalingsløysinga vil vere klar i løpet av april.

Kolumbus har heller ikkje landa billettprisane ennå, kjem det fram.

I påska er det venta stor utfart av bilar til øyane i Finnøysambandet. Påskegjestene kan altså glede seg over gratis ferjetransport.

Selskapet Kolumbus er eigd av Rogaland fylkeskommune og har ansvaret for kollektivtilbodet i Rogaland.