Rebecca Egeland er glad for at folk hentar frø i frøbiblioteket. Men det er framleis meir å hente. Foto: Silje Talgø Klakegg

Frøbiblioteket på Rennesøy bibliotek er eit godt utgangspunkt viss du vil nytte påskeferien til å så noko. Biblioteket held opent ut tysdagen, men det er likevel mogleg å nytte meiropent bibliotek resten av påskeveka.

– Det forsvinn stadig frø frå frøbiblioteket, og dette er veldig kjekt. Me liker når folk nyttar seg av tilboda våre, fortel Rebecca Egeland ved Rennesøy bibliotek. Ho legg til at det er ulike frø tilgjengeleg på Finnøy og Rennesøy, så finn du ikkje det du ønskja deg, kan du sjå på det andre biblioteket om dei kan ha det du vil ha.

– Når du er ferdig å så, kan du jo setje deg i solveggen med ei god bok. Eventuelt innandørs viss det regner, seier ho.

– Kva vil du anbefale som påskekrim i år?

– Tre gode krimbøker er «Den tause pasienten» av Alex Michaelides, «Kledd naken» av Agnes Matre og «Snømannen» av Jo Nesbø, anbefaler ho.

Journalisten kan seie seg einig i at dei to første er gode bøker, men ho har høyrd at den siste kan vere i fælaste laget for hennar del.

– Det er nok riktig. Snømannen passar for dei som likar det groteske, seier Egeland.

På tysdag vil dei også syne klassikaren «Fjols til fjells» med Leif Juster på Rennesøy bibliotek.

Kunst på Fogn

Kunstgalleriet til Pia Myrvold i Sæbøvåg på Fogn har ope frå laurdag til måndag i påskehelga.

Laurdag 30. mars, påskeaftan, blir det minikonsert og innvielsesfest, står det i programmet.

Quiz og basar

Finnøy frivilligsentral arrangerer i år påskequizløype i trimpoengappen. Dette skriv frivilligsentralen om arrangementet:

«Påskens eggjakt er i gang! Rundt Judaberg finn du 14 egg, på ein stolpe, ein dør, et vindauge … Ta med mobil – og kanskje et ark og ein penn, for det er quiz-spørsmål for hele familien bak qr-kodane. Laster du ned trimpoengappen, registrerer deg og vel konkurransen «Finnøy og Rennesøy topptur 2024», får du poeng og der ser du der egga er gøymd.»

Her går du når det passar deg, og svar på spørsmåla sender du til finnoy.bibliotek@solvberget.no.

Tysdag klokka 18 arrangerer Sjernarøy Sanitetsforeining sin tradisjonelle påskebasar på eldresenteret, Sjernarøy.

Den 28. mars frå klokka 20–22 blir det påskequiz på Dickins, Judaberg.

Kyrkja i påsken

Mange ønskjer å besøke kyrkja i påskedagane. Vil du delta i påskegudstenester i Finnøy kommunedel, finn du oversikta på denne lenka.

Oversikta over arrangement i regi av kyrkja i Rennesøy finn du her.

Den stille veke er veka frå palmesøndag til påskeaftan. Namnet kjem av at ein tidlegare ikkje ringde med kyrkjeklokkene denne veka og heller ikkje brukte orgelet under gudstenestene. I denne tida skulle ein i størst mogleg grad la alt arbeid kvile, og det skulle vere stille både ute og inne.

Gardsutsal er opent

– Gardsutsalet ved Klostergarden er opent kvar dag i påsken, fortel Inger Lise Rettedal til Øyposten.

Kanskje kan du kombinere dette med ein tur til Utstein Kloster som held opent kvar dag i påsken frå og med skjærtorsdag til og med 2. påskedag klokka 12–17. Det blir omvisninger, eggerebus og enkel kafé, skriv Utstein Kloster på nettsida si.

I nærleiken finn du Fjøløy fort med turløyper. «Fjøløy er et nytt og spennande friluftsområde med turstiar og minner frå andre verdskrig. Her ute mot Kvitsøyfjorden kan du oppleve litt av norsk krigs- og etterkrigshistorie kombinert med ekte naturopplevelser» skriv Den Norske Turistforeininga om området.