– Eg vil prøve å få gang på biogassanlegget

Tilskotsordninga frå Stavanger kommune gir Terje Øvrebø moglegheita til å satse miljøvenleg på gardsbruket sitt.

Tor Martin Øvrebø, Holmar Bratland og Terje Øvrebø håpar at dei vil få på plass biogassanlegg på garden ved hjelp av tilskot frå kommunen.
Publisert:

Øyposten har tidlegare fortalt at Stavanger kommune vil dele ut 10 millionar kroner til tiltak som fører til energiøkonomisering og energiproduksjon i landbruket. Landbrukssjef Geir Helge Rygg var torsdag formiddag på innbyggjartorget på Finnøy for å fortelje om den nye tilskotsordninga. Det gir moglegheiter for bønder og gartnarar.

Søknadsportalen opnar om kort tid, og det vil ikkje bli lang tid til å søke.

– Alle pengane må vere utdelt innan jul, seier landbrukssjef i kommunen, Geir Helge Rygg.

Geir Helge Rygg er landbrukssjef i Stavanger kommune. Her fortel han om tilskotsordninga til frammøtte bønder og gartnarar.

Mange bønder og gartnarar var til stades på møtet torsdag formiddag for å få informasjon om ordninga. Leiar av Utval for miljø og utbygging, Rune Askeland, var til stades på møtet.

– Det er ein ambisiøs klimaplan me har i kommunen, sa han til dei frammøtte.

– Eg har sakna dei store miljøtiltaka i landbruket, og det offentlege må ta ansvar for at det blir gjort meir for å møte krava som dei sjølv stiller til bøndene. Difor har me valt å innføre denne ordninga som eit prøveprosjekt, og om det blir godt nytta, vonar eg at det kjem fleire rundar seinare.

Mange bønder og gartnarar var til stades for å høyre meir om ordninga der dei kan søke middel til miljøretta tiltak på gardane sine.

Vil bygge biogassanlegg

Terje Øvrebø på Rennesøy har allereie tankar om å sette opp eit biogassanlegg på garden, og han håpar å gjere garden klimanøytral på denne måten.

– Viss eg køyrer naturgjødsla gjennom biogassanlegget før eg spreier den på marka, vil dette føre til lågare utslett av Co₂. Då kan eg nytte gassen blant anna til oppvarming av drivhuset, og sjølve gjødsla vil ikkje gi utslepp av Co₂ etter at eg har spreidd ho, fortel han.

– Ved å bruke naturgjødsel slepp eg å kjøpe naturgass som fører til utslepp av co₂. Ved bruk av naturgjødsel vil ein redusere utsleppet av metan og når ein brukar gjødsla etter at den har vore i biogassanlegget er den meir nitrogenrik og ein sparer dermed innkjøp av kunstgjødsel.

Han påpeiker at dette er ein kostbar investering, og at ordninga frå Stavanger kommune gir han eit intensiv til å prøve å kome i gang med dette som han allereie har hatt i tankane i nokre år.

– Det er sjølvsagt lettare å ta eit slikt steg når ein ikkje treng å ta heile kostnaden sjølv. Dette med biogass er eit fagområde som har utvikla seg raskt dei siste åra, og om eg set i gang no, vil eg framleis vere tidleg ute med å nytte biogass til oppvarming av drivhus. Biogass er framleis på eksperimenteringsstadiet, så eg kan kanskje gi tilbake til samfunnet ved å bidra til auka kunnskap på området. I tillegg til at eg løner dei i form av mindre utslett knytt til garden min.

Mange løysingar

På innbyggjartorget gjekk landbrukssjef Geir Helge Rygg gjennom mange alternative løysingar som ein kunne søke om støtte til.

– Noko av det enklaste, er kan hende byting av gammal belysning til energisparande LED-belysning, sa han.

– Andre ting ein kan søke om støtte til, er gardsvindmøller, solcellepaneler eller isolasjonsgardiner til bruk i drivhus. Me ønskjer også velkomen innovative tiltak som kan auke kunnskapsgrunnlaget me har om energibruk i landbruket.

Kart som visar garden til Terje Øvrebø:

Publisert: