FINNØY: Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) stiller med seniorrådgiver Tanja Midtsian og rådgiver Jan Are Gildestad på møtet. Frå Lnett stiller mellom anna prosjektleiar Torbjørn Grødem og myndighetskontakt Børre Dybesland.

Det er sett av to timar til møtet, frå klokka 19 til 21, kor det vil bli orientert om Lnett sine planar, og prosessen vidare.

Det vil bli anledning til å stilla spørsmål å koma med kommentarar både til NVE og Lnett. Hensikten med møtet er å få innspel om kva krav til utgreiing NVE skal stilla til Lnett, før dei søkjer om konsesjon til ledninga. Folkemøtet er åpent for alle som har noko på hjarta.