Laurdag klokka 16.42 har politiet lagt ut denne meldinga på X:

«Naudetatane rykker ut til melding om trafikkuhell mellom to personbilar, tre personar involvert. Ukjent skadeomfang, alle skal vere ute av bilane.»

* Sjå bilder frå ulykka nederst i saka

Ulykka skal ha skjedd på E39 like sør for Nordbøkrysset.

Airbag blei utløyst i ein bil. Ein person sjekkast av helsepersonell, får Øyposten opplyst.

Trafikken påverkast i begge retningar.

Klokka 17.11 skriv politiet på X:

«Ein person tatt med av ambulanse til sjukehus for sjekk av hovudskade, ukjent omfang. Antatt årsak er påkøyrsel av vilt med dertil påkøyrsel av bil bakfrå. Viltnemnda vil søke etter ein skadd hjort. To bergingsbilar tilkalla.»

Kart som viser omtrent ulykkesstaden:

Det var kø på staden mens bilane hentes av bergingsbil. Foto: Simen Ingemundsen
Det var to personbilar som var involvert i kollisjonen. Foto: Simen Ingemundsen
Frå ulykkesstaden på avstand. Foto: Renate Bokn
Trafikken som kom nordfrå blei stoppet ved Nordbøkrysset. Foto: Silje Talgø Klakegg
Mange ville køyre om Dalakervegen. Det var ikkje god plass til to biler i breidda der. Foto: Hedda Karin Talgø Klakegg