Sjekk denne vêrmeldinga
Det er mildt sagt strålande nyheiter: Ein forsmak på sommaren er i vente i regionen dei neste dagane.
Det er meldt 15 grader og strålande sol i heile regionen, og god anledning til å få det første rødskjeret på ein vinterbleik hud. Går du med tankar om å ta årets første bad, kan det bli ei kald oppleving, for målingane viser berre seks grader i sjøen.
– Det er ikkje dei heilt store badetemperaturane enno, men det er flott å sitta i solveggen. Det er ikkje umogleg at temeperaturane kan komma opp i 17 grader. Det einaste som eventuelt kan øydelegga idyllen er morgontåke som kan komma inn enkelte stader, men den blir ikkje liggande. Sola brenn den fort vekk. Ei heller er det særleg vind å snakka om. Det er eigentleg berre finvêr i sikte, seier vakthavande meteorolog Siri Wiberg ved Vervarslinga på Vestlandet.
Ho lovar sommarvêr til og med fredag.
– Dessverre blir det eit vêrskifte på laurdag. Det kjem inn kaldare luft og eit lågtrykk. På søndag blir det og mest sannsynleg regn. Det gjeld å ta godt vare på desse dagane, og nytta dei maks, seier statsmeteorologen