Håpar på rekord for Rennesøydagen

Til helga blir det utstillingar, marknad og fest i Vikevåg.

Desse tre har ansvaret for Rennesøydagen i år; f.v. Lene Dalaker i Lykkelig og Alvilde og Tom Egill Tobiassen i Ryklame.
Publisert:

– Me har enorme sommarfuglar i magen, men me trur det skal bli ei knallhelg, seier Tom Egill Tobiassen i arrangørkomiteen til Rennesøydagen.

I skrivande stund har dei 79 påmelde utstillarar til laurdagens marknad i Vikevåg sentrum, som er ny rekord. Programmet er pakka med underhaldning frå fredag til søndag.

Nye Meieriet

Det startar med opningsfest i Meieriet fredag kveld, med opningsnummer av Revylaget Amatøren og showet «Mellom Bakkar og Bjerga» av komikar Rune Bjerga. Her må arrangørane opne opp galleriet for å få plass til alle som har kjøpt billett.

Den store dagen er laurdag, med marknad, utdeling av Mastrafjordprisen, mattelt, øltelt og dans.

– Næringslivet i Rennesøy viser kva dei har å by på. Eit hovudtema er landbruk og mat, og Bondelaget og Mastra hestesport kjem med dyr, seier Tobiassen.

Avløysar Sanna Dalaker med ein kalv. Ho kjem til Rennesøydagen.

I Meieriet blir det eit handletorg med 17 utstillarar, og innbyggartorget riggar seg til i den gamle banken for å vise fram «Prosjekt Nye Meieriet» med meir.

Ventar mykje folk

Kystlaget kjem med veteranbåtar, og det blir vist fram stilige bilar og ein svær park av anleggsmaskiner. Fleire private tomter i Vikevåg er klarert for parkering.

– Me har ordna ein del ekstra parkeringsplassar, men folk må gjerne kome med båt eller buss, seier Tobiassen.

– I fjor kom det 2000. I år håpar eg me nærmar oss 3000, legg han til.

Når marknaden er over laurdag ettermiddag blir matteltet gjort om til øltelt og det gjerast klart for Rennesøydans i Meieriet, der Tone Samuelsen og kompanjong spelar opp.

Gratis kulturkveld

Søndag er det familiedag i Prestvågen der Happy Hikers, Mastra Sjøspeider og Speideren KFUM/KFUK lagar diverse aktivitetar. Her er det òg venta at sluppen Restauration vil kome seglande inn vågen.

Seinare på dagen har Rennesøy historielag og Jubileum 900 Rennesøykyrkja gått saman om å lage ein kulturkveld i Meieriet. Her er det gratis inngang. Det blir musikkinnslag, og journalist og forfattar Sven Egil Omdal held foredraget «Spedalskhet, trolldom og kristen barmhjertighet».

Kulturkvelden peikar framover mot Stavanger bispedøme og Stavanger kommune sitt 900-årsjubileum i 2025.

Publisert: