Avgjer til hausten kva som skal erstatte Hesby kyrkje
Frå hausten neste år blir Hesby kyrkje stengd i 13 månader.
I helga var det konfirmasjonsgudstjeneste i Hesby kyrkje. Om eit drygt år vil noko slikt ikkje vere mulig.
– Arbeidet med å restaurere Hesby kyrkje held fram. Neste periode me må stenge er frå 1. september 2024 til 1. oktober 2025, seier dagleg leiar Heidi Bø Sangedal ved Finnøy kyrkjekontor.
Riksantikvaren har funne at bygget gjennom fleire år har samla fukt i veggene, noko som er skadeleg for muren. Restaureringsarbeidet starta hausten 2021.
I periodane med stengd kyrkje vil planlagd aktivitet gå føre seg på Bethel i Judaberg sentrum, skriv Finnøy kyrkje på nettet. Men dette er ikkje bombesikkert.
– Me vil avgjere det til hausten. Det er formelt fellesrådet som bestemmer det, etter råd frå soknerådet, seier Sangedal:
– Me bruka Bethel sist, og det er vel òg det mest sannsynlige no, men Emmaus er òg eit alternativ. Nokre har òg ynskja å kunne bruke Talgje kyrkje i einskilde høve.
Arbeidet med murverket og uttørking av fukt i dei tjukke murane er tidkrevjande. Heile kyrkja skal være ferdig rehabilitert i løpet av 2026.
Kart som viser Hesby kyrkje og der bedehuset Emmaus er markert med raudt: