-Kabelferje i kombinasjon med bru og tunnel i Øyfast
Kabelferjer kan vera eit alternativ i Øyfast i kombinasjon med bru og tunnel, for å sleppa å byggja fastlandsforbindelse til alle øyane på ein gong, meiner Bjørn Alsaker.
FINNØY: Det kom fram då tidlegare sjefingeniør i Statens Vegvesen, Bjørn Alsaker, la fram nye tal for Øyfast på Finnøy onsdag. Alsaker la fram heile 11 alternativ, med ei kostnadsramme frå 2,5 milliardar til seks milliardar.
Ifølge Alsaker vil 40–45 år med ferjer kosta det offentlege rundt seks milliardar kroner. Med dagens prisar kostar det 250.000 kroner dagen å ha dei to ferjene gåande i Finnøy-sambandet.
-Dette kan muligens vera nok til å finansiera ei forenkla utgåve av Øyfast. Då kan det vera ei løysing å sjå på ny teknologi som bruk av kabelferjer på enkelte korte strekningar på 1,2 - 1,4 kilometer, seier Alsaker.
Fordelen med kabelferjer er at mannskapskostnadane blir mykje mindre enn dagens ferjer, meiner han.
-Det trengs bare ein person ombord til ei kvar tid, men det må sjølvsagt vera ei skiftordning for at ferje skal kunna gå heile døgnet. Det kan vera ei løysing mellom Ombo og Nord-Hidle og mellom Fogn og Finnøy. Så kan ein seinare sjå om det er mulig å byggja tunnel dit, held Alsaker fram.
Alsaker opplyser også erfaringane med kabelferjer er to stader i Sognefjorden er svært gode.
-Dette er kabelferjer av ny modell, legg han til.
Etter hans vurdering er forbindelsen nordover mellom Finnøy-Nord-Talgje og Nord-Hidle den delen av Øyfast som peikar seg mest foredelaktig ut.
-Den er det ein muligens ein sjans til å få finansiert med ferjeavløysingsmidlar og bompengar, meiner han.
Det vil i såfall bli snakk om tunnel, for å byggja ei bru på strekninga vil bli mykje dyrare, er hans vurdering.
Forbindelsen mellom Fogn og Finnøy vil også bli kjempedyr, etter hans reknestykke.
-Tunnellen må vera 300 meter på det djupaste, like djupt som Ryfast, opplyser Bjørn Alsaker.
Til samanlikning er Rennfast 224 meter djup, mens Finnfast «bare» er 133 meter djup.
-Ei løysing kan difor vera å binda saman Halsnøy, Byre, Bokn og Fogn, og flytta ferjestøa slik at forbindelsen til Finnøy blir kortare og betre eigna for ei kabelferje, seier Alsaker.