Sist helg var over 100 engasjerte barn og unge i 4H samla til styrevervkurs og fylkesårsmøte. Deltakarane kom frå klubbar frå heile fylket, dei fann raskt tonen, og hadde ei sosial og kjekk helg saman, smiler nyvald leiar, Sanne Skeie.

4H er ein av dei største barne og ungdomsorganisasjonane i landet, med til saman 11 000 medlemmer og 500 klubbar i heile landet.

- Målet vårt er å skape aktive og samfunnsengasjerte ungdomar med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Gjennom sosiale, varierte og lærerike aktivitetar, skapar vi ein flott fritidsaktivitet for born og ungdom over heile landet. Vi er mykje i naturen, lærer om landbruk og bidreg i lokalmiljøet. I 4H legg vi stor vekt på å ha rom for alle som ynskjer å vere med, fortel Skeie.

Leiar i Rogaland 4H, Sanne Skeie. Foto: Privat

4H i Rogaland har siste året klart å rekruttere nesten 100 nye medlemar, og er nå eitt av dei tre største fylkeslaga i landet. På årsmøtet i helga blei det vedtatt ein ambisiøs handlingsplan for dei to neste åra.

- Det er kjekt å sjå at medlemmane våre engasjerer seg, dei tek ordet på årsmøtet og er med på å bestemme kva vi i 4H Rogaland skal arbeide med framover. Medlemsvekst og inkludering vil framleis stå i fokus. Det å få alle med er utruleg viktig, her kan vi som frivillege legge mykje til rette for deltaking. Dette er eit fokusområde eg gler meg til å arbeide med framover, seier Skeie.

Fylkesstyret for året 2023 består av: Leiar: Sanne Skeie Styremedlem: Per Ingvald Søyland Bø Styremedlem: Veronica Langseth Bjerkås Styremedlem: Sindre Sandsgård Styremedlem: Randi Dybing Stølen Varamedlem: Glenn Gravdal Varamedlem: Benjamin Hegelstad Varamedlem: Karen Margrethe Mjåtveit