Alexandra Ciuciu i fint selskap med Erna Solberg

Alexandra Ciuciu fekk helsa på Høyre-leiar Erna Solberg denne veka.

Alexandra Ciuciu (t.v.) saman med Erna Solberg.
Publisert:

STAVANGER: Erna Solberg har vore på besøk i Stavanger, og blant dei mange ho fekk helsa på var også Alexandra Ciuciu som driv Finnøy Pizza og pizzarestauranten i Vikevåg.

-Det var bare eit kort møte, men eg fekk helsa på henne, seier Alexandra Ciuciu til Øyposten.

Ho er vara til kommunedelsutvalet i Finnøy på vegne av Høyre.

-Eg snakka mest med Sissel, legg ho til. Sissel Knutsen Hegdal er Høyre sin ordførarkandidat i Stavanger.

-Ho visste ikkje at eg hadde åpna ein avdeling i Vikevåg, men det fekk eg orientert henne om. Eg inviterte henne også til å stikka innom på Finnøy når ho skal på hytta, opplyser Alexandra Ciuciu.

Sissel Knutsen Hegdal har hytte på Nord-Hidle i Sjernarøyane.