Har du mark langs kommunal veg kan du få hjelp frå kommunen.

Ein gardbrukar kring Berge på Finnøy får tildelt fire rullar med nett (200 meter), 85 pålar pluss topptråd for å setja opp eit 166 meter langt gjerde langs Bergevegen.

Materiellet blir utlevert vedg gjenvinningsstasjonen i Hauskenveien 99 på Rennesøy, går det fram av eit brev frå kommunen.

Gardbrukaren må sjølv setja opp gjerdet og syta for vedlikehald.

Før kommunen gir ny gjerdehjelp langs det same strekket, må det gå 20 år, seier vilkåra.