Utgangen av Talgjetunnelen. Foto: Oda Cecilie Talgø Klakegg

I Mastrafjordtunnelen nordgåande retning var det heilt klart flest som ikkje klarte å halde fartsgrense.

Her var det skrive ut heile 1001 forenkla førelegg, 16 sjåførar blei meldt til politiet og 4 blei fotgjengarar.

I sørgåande retning i same tunnel blei det også 4 førarkortbeslag. 8 sjåførar blei meldt til politiet her, og det blei skrive ut 182 forenkla førelegg.

Forklarer det slik

Slik forklarer politiet den store skilnaden i tal på fartsbrot i nord- og sørgåande retning i Mastrafjordtunnelen:

– Eg tenker at de reisande ofte køyrer åleine mot fotoboksen utan at andre køyrer framfor og bremser dei i nordgåande retning, forklarer Trond Atle Bjelland, leder for trafikk og sjø ved Stavanger politistasjon:

– I sørgåande retning kjem mange av de reisande med same ferje. Dette gjer at bilistar som veit om fotoboksen bremser opp, og at fører som ikkje er oppmerksame på skilt, eller gløymer seg ut, blir bremsa av dei som køyrer føre.

Byfjordtunnelen

I Byfjordtunnelen nordgåande mista ein sjåfør førarkortet, og 16 fekk forenkla førelegg. Fotoboksen i sørgåande retning i same tunnel har gitt 303 forenkla førelegg, sju sjåførar blei meld til politiet og 3 sjåførar blei fråteke førarkortet.

Byfjordtunnelen nordgåande har streknings-ATK, som den einaste i Rennfast og Finnfast. Alle dei andre fotoboksane er punkt-ATK. Desse kan du lese meir om i tekstboksen.

Finnfast

I Finnfast er det fire fotoboksar, to av desse mot Rennesøy og dei to andre mot Finnøy.

I retning Rennesøy blei det skrive ut 81 forenkla førelegg, 2 sjåførar blei meldt til politiet og ein bilist blei fråteke førarkortet.

Fotoboksen som står i 60-sona retning Finnøy, er det langt fleire som blir tatt. Heile 655 forenkla førelegg blei skrive ut her, og 2 førarkort blei beslaglagt. 8 bilistar blei meldt til politiet.

– Fotoboksen er plassert etter krysset inn til Talgje. Dette gjør at enkelte slepper ubevisst opp på bremsen når de kjem på strekket etter krysset, forklarer Bjelland om årsaka til at så mange blir tatt her.

Dei to siste fotoboksane har ikkje Øyposten mottatt tala for.