Monteringa av det første bruspennet skjedde tysdag.

NY BRU:

-Det føles heilt fantastisk, seier den mangeårige Krf-politikaren Håkon Helgøy om hendinga tysdag.,

-Dette er noko eg har jobba for i alle fall i 40 år. Ei stund var det snakk om at me skulle få kabelferje, men det blei snart klart at det blei like dyrt som fastlandsforbindelse. Dessutan kan ei ferje aldri erstatta ein fast forbindelse, seier Helgøy til Øyposten.

Tysdag var nærast alle som kunne krypa og gå på Helgøy på plass for å betrakta monteringa av det første bruspennet.

-Til og med dei som var smitta av korona måtte ut og sjå, på god avstand, sjølvsagt, seier Håkon Helgøy.

I forbindelse med brua får Helgøy også asfalt på vegane, noko dei aldri har hatt før.

-Det var det snakk om på 80-talet, utan at det blei då. Men nå skjer det, seier han.

Nytt er det også at den offisielle åpninga av brua er tidfesta til fredag 17. juni. Storhendinga skal sjølvsagt markerast på Helgøy, og mellom anna er det planar om å kopiera åpninga av Ryfast med eit eige Helgøyfast-løp.