Leif Norheim i gang med kost og vaskefille på toalettet i kaihuset på Helgøy.|Leif Norheim i gang med vaskefilla på toalettet i kaihuset på Helgøy.

SJERNARØY:

-Det er ein fin jobb for meg dette, seier han til Øyposten. Norheim tek runden med vaskefilla fleire gonger i veka, og har i tillegg ettersyn med at alt er i orden.,

-Så mange folk det er her i øyane om sommaren, går det utruleg bra. Det er sjeldan at det blir gjort hærverk, seier 74-åringen.

Det har likevel hendt at nokon har røynt seg ut over toalettpapiret, slik at det har flagra over heile kaien. Ein gong var det også nokon som hadde stappa toalettskåla full av toalettpapir i toalettet på Pålaneset.

-Det er ikkje vits i å rapportera slike småting, dei blir aldri oppklart så allikevel, seier Norheim.

-Får du mykje skryt for reinhaldet ditt?

-Dei klagar i alle fall ikkje, så då reknar eg med at folk er nøgde. Men eg forstår det slik at folk synes det er reint og fint på venteromma her, seier den blide kyrkjøybuen.

Leif Norheim har ansvaret for venteromma på Helgøy og Nesheim, pluss toalettet på Pålaneset. Før var dei eigde av Statens vegvesen, men nå har Rogaland fylkeskommune overteke.

Før det skjedde fekk han beskjed av vegvesenet om å mala før fylket overtok. Det var vinter og fleire minusgrader, men malast skulle det, uansett.

-Det er første gangen eg har malt eit hus om vinteren, og malinga var både seig og tjukk, Men det gjekk heilt fint, ho heng godt på fortsatt, konstaterer Norheim.

Sjernarøybuen har drive gard i 40 år, og har i tillegg jobba som både snekkar og feiar.

Som feiar hadde han ansvaret for å feia 1100 skorteinspiper kvart år i det som då var Finnøy kommune. Det var eit ikkje heilt ufarleg arbeid, og det hende at han ramla av taket og slo seg både gul og blå fordi huseigaren hadde slurva med stigen.

Måten feiinga blir ordna på i dag, skjønar han lite av.

-Det har ikkje vore feiar på årevis, men merkeleg nok har eg ikkje inntrykk av at det er fleire pipebrannar for det, seier Leif Norheim.