Kven har stole gullegget til Oddrun Merete Handeland? Er det Ryfylkekokken? Politibetjent Svend Erik Ellingsen har fått i oppgåve å oppklara mysteriet. Foto: Rita Londås.

FINNØY:

Dette er i grove trekk handlinga i årets påskeaktivitet, ei krimgåte i sju akter. Høna forsøker å gøyma egget og er innom sju forskjellige stader i sentrum i håp om å finna ein trygg plass. Men dei som jaktar på høna veit ikkje kor denne plassen er, difor må dei sjekka på alle sju stadene som er markert med eit gullegg.,

-   Me tenkte det kunne vera på sin plass i år å laga ein kjekk og koronasikker aktivitet for heile familien. Me treng både litt oppmuntring og trim i denne spesielle tida. Dermed tok me kontakt med folk som kunne hjelpa oss, og god hjelp har me fått, fortel koordinator på innbyggartorgert Rita Lindås.

Aktiviteten er eit samarbeid mellom innbyggartorget, biblioteket og frivilligsentralen. Gjennom heile påska, ifrå fyrstkommande fredag til måndag 5. april kan du vera med på jakta. For kvart gullegg som blir funne, fylgjer det med ei historie som leiar deg vidare til neste egg. Og for kvart egg som blir funne, kjem du eit steg nærmare løysinga på mysteriet. Eller gjer du det? Når alle sju egga er funne, får du kanskje vita korleis dette endar.

- Ein ekstra dimensjon til eggjakta er at alle som er med får 10 ekstrapoeng i trimpoengappen for kvart egg som blir funne. Dei som ikkje allereie har lasta ned trimpoengappen, må gjera det før dei startar jakta. Last ned appen «Trimpoeng» (oransje med to fjelltoppar), velg konkurranse «Finnøy Topptur 2021». Der finn du «jakta på gullegget». Premie blir trekt blant alle som har «sjekka inn» på alle postane.

Historia er skriven av Hjørdis Michalsen Halleland medan Jostein Gard er ansvarleg for den tekniske biten. På biblioteket har dei ordna med QR-kode og frivilligsentralen er involvert i planlegginga saman med Rita Lindås på Innbyggartorget.