FINNØY:

- Det kan vera greit å ha som driftskapital farmover, seier leiar Bendik Hegglund som styrer det driftige laget med sikker hand. -Og trass i ein del utfordringar knyta til nedstenginga og koronapandemien, så har me kome relativt greit ut av det siste driftsåret, i alle fall slik reint økonomisk, legg leiar Hegglund til.,Men den joviale og dedikerte idrettslagsleiaren frå Nord Norge, som har gjort fullblods finnøybu av seg, har verkeleg grunn til å gi både seg sjølv, og sine driftige kollegaer i både styret og stell i idrettslaget, ein skikkeleg god klapp på skuldra over det dei har fått til på det flotte anlegget på Leikvoll på rekordtid.,Og når det nye klubbhuset til ein kostnad på omlag 10, 5 millionar kroner ,som i utgangspunktet var ferdig og klar til opningsfest like før koronapandeminen slok til i mars i fjor, nå nermast er nedbetalt berre eitt år etter, må vel dette nermast vera norgesrekord i forhold denne type invisteringar i eit så lite idrettslag.,

Tid til utsmykning og endeleg ferdigstilling

-Me skulle jo gjerne sett at den sportslege aktiviteten hadde vore større, og at moglegheitene for å kunne leiga ut dei flotte lokalitetane me nå har fått, hadde vore til stades. Men slik blei det ikkje, og då må me berre førehalda oss til dette inntil vidare, held Hegglund fram.,-Men det har også gjort det mogeleg til å gjera klubblokala våre enno finare ,og foreta litt utsmykning slik at både medlemer og potensielle leigetakarar verkeleg skal setja pris på lokal våre, undertrekar Hegglund.,Han poengterer også at regjeringa sine støtteordningar i all hovudsak har kompensert veldig bra for dei inntektstapa laget har gått glipp av.,Også dei omlag 70 000 kronene som den årlege Tomatfestivalen gir til idrettslagskassa, og som ein gjekk glipp av i fjoråret.,-Me har motteke 168 000 kroner i kompensajon frå regjeringa så langt, og det er me rimeleg bra tilfreds med, legg Hegglund til.

-Held oss til regjeringa sine anbefalingar

Sjølv om det er eit gryande opprør både i fotball- og idretts-Norge generelt over at breiddidretten ikkje har fått starta opp for dei over 20 år, vel leiaren i Finnøy å vera avventane og fylgja myndigheitene sine anbefalingar også når det gjeld fotballaktiviteten på seniornivå i klubben.

-Me skal ta det ansvaret me bør ta slik eg ser det. Difor vil me ikkje støtta noko opprop om å boikotta styresmaktene sine anbefalingar slik klubbar i Rogaland har teke initiativ til. Men eg vil heller ikkje som formann i laget fungera som noko politi på eksempelvis A-lagstreningane, for på den måten å kontrollera at den omtala 1- meters regelen vert fulgt til punkt og prikke. Skulle det skje, gjennom i ein eller anna situasjon på treningane, så får det nå berre vera slik. Og så får me håpa på det beste. Og

Men at nokon i fotballmiljøet også prøver å slå politisk gevinst på dette, det reagerer eg på. Difor skal me vera svært forsiktig med å gå for høgt på banen, for plutseleg kan eit utbrot koma. Då slår det kraftig tilbake.Det har eg diverre eksemplar på frå min tidelegare heimkommune Hammerfest på,slår Hegglund avslutningsvis fast.