Massevaksinering på Finnøy, Rennesøy neste veke

Måndag klokka ni blei dei første losa inn til vaksinering mot koronavirus i Fleirbrukshallen på Finnøy. Neste veke er det Rennesøy sin tur.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Jens Nesheim frå Sjernarøy var blant dei som fekk si første vaksinesprøyte i Fleirbrukshallen måndag.|Vaksinekø ved Fleirbrukshallen.|Olaug Ladstein Brandeggen frå Finnøy er glad for å få den første sprøyta. Her blir ho orientert av Kamilla Torgersen frå Stavanger kommune om opplegget.

FINNØY:

-Det er godt å få det gjort, seier Jens Nesheim frå Sjernarøy. Han var blant dei som møtte opp i morgontimane måndag utfor Fleirbrukshallen, for å få sin vaksinedose.,

Dermed er vassemaksineringa mot koronaviruset i gang på Finnøy, for gruppe åtte og ni, dvs ned til 45 år.

Olaug Ladstein Brandeggen frå Finnøy er glad for å få den første sprøyta. Her blir ho orientert av Kamilla Torgersen frå Stavanger kommune om opplegget.

-Me reknar med å ha vaksinert alle i desse gruppene i løpet av dagen og tysdag, seier Erik Bjerk, avdelingsleiar i Stavanger kommune til Øyposten.

Ifølge Bjerk blir det massevaksinering i Rennesøy, i Mastrahallen, neste veke.

Vaksineteamet frå kommunen vil koma tilbake til Finnøy når det er nye grupper sin tur, og også for å setja dose nummer to på dei som blir vaksinert i dag. Det skjer om ni veker.

Vaksinekø ved Fleirbrukshallen.