Sjukeheimsutbygginga blir 35 millionar dyrare

Oppgraderinga og ombygginga av den gamle sjukeheimsdelen til ein akseptabel standart etter dagens krav, gjer at den totale kostnadsramma for heile sjukeheimsutbygginga vil auka frå 140  til 175 millionar kroner.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY: 

Det er prosjektleiar for både den lokale sjukeheimsutbygginga og brannstasjonen ved Faa Brygge på Finnøy, Sveinung Lunde i Stavanger kommune, som opplyser dette til Øyposten.,-Det er heilt klart at det er mange forhold knyta til både dagens brann- og reint driftsmessige krav som må utbetrast. I tillegg er det ulike smittevernkrav og tiltak i forhold til den daglige drifta og logistikken, som også må utbetrast betydeleg. Det fører til at me nok må auka kostnadsramma i forhold til det vedtekne budsjettet frå 140 til opp mot 175 millionar kroner slik det ser ut i dag, påpeikar Lunde.,Lunde opplyser også at "Utvalg for Miljø og utbygging" (UMU) vil få saka på sitt bord i møte den 16. juni.,

-Den nye avdelinga må ferdigstillast først

Anbudsdokumenta vil truleg gå ut like etter ferien, og målet er å splitta det opp i ulike delenterprise slik at lokale entreprenørar skal kunne finne dette interessant og koma i inngrep, til å gi inn sine anbod . Målet er å nytta mest mogeleg av lokale bedrifter i utbygginga, og byggestart vil truleg bli rundt årsskifte.

-Av praktiske grunnar, og av omsyn til pasientane, vil den nye avdelinga bli heilt ferdigstilt og klargjort først, slik at alle pasientane  kan flyttast over der når me startar opp arbeidet med å renovera den gamle sjukeheimsdelen.

-Så nå må Stavanger kommune knuse sparegrisen for å koma i mål med sjukeheimsutbygginga på Finnøy?,

-Vel.., det positive er at Stavanger kommune har mykje pengar på sin sparegris. Så det reknar eg med skal gå greit, smiler den nøkterne suldølen som nå altså har gjort siddis av seg.,-Og det er heller ikkje uvanleg at slike heilt nødvendige ekstratiltak og behovet for tilleggsløyvingar kjem opp, og berre

gjennomførast i slike store utbyggingssaker.,

Publisert: