To dagar til gratis i Finnfast: Oppfordrar alle til å flagga

Høyres Signy Bråtveit oppfordrar alle finnøybuar til å heisa flagget når Finnfast blir gratis.  -Det blir ein merkedag, meiner ho.

Signy Bråtveit og mannen Aslak er på seiltur i Ryfylke, men kjem heim og kan heisa flagget torsdag.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Av Rune Nedrebø,

FINNØY:

Bråtveit, som sit i kommunedelsutvalet for Finnøy, seier at ei markering når bommen blir fjerna, blei diskutert på siste møtet i utvalet.,

-Men alt slik kostar, mens ein kortesje med kjøretøy eller flagging derimot, er noko alle kan vera med på. Ei eller anna markering bør det bli, for dette er ein merkedag, seier Bråtveit til Øyposten.

-Kjem du sjølv til å flagga?

-Ja, sjølvsagt. Me reknar med å vera heime igjen frå seilturen i Ryfylke med barnebarnonsdag for mannskapsbyte, det vil seia ta om bord nye barnebarn. Det betyr at me er heime torsdag, og kjem til å heisa flagget, seier Bråtveit, som oppfordrar til flagging i heile Finnøy kommunedel.

-Kva med Rennesøy?

-Dei kan gjerne heisa flagget dei også, for dette vil bety mykje for begge øysamfunna. Det er ikkje så langt mellom dei to kommunedelane, men det har vist seg at bompengane i Finnfast har gjort det vanskeleg å få til eit samarbeid, til dømes når det gjeld idretten. Det håpar eg snur seg nå, seier ho.

Ryfylke Livsgnist hadde planar om å stella til ei feiring av at Finnfast blir gratis, og har søkt Stavanger kommune om pengar. Men på grunn av korona-situasjonen har dei vald å droppa den planlagde feiringa i sentrum av Judaberg torsdag.

Publisert: