Det blir eigedomsskatt i heile kommunen. Denne bitre pilla er øybuane i Nye Stavanger nødt til å svelga, ser det ut til.  Rennesøy-ordførar Dagny Sunnanå Hausken har for så vidt rett i at dette ikkje bør koma som noko stor overrasking.,

Dei juridiske fallgrubene er mange viss det skal trekkjast ei grense mellom kven som skal betala og kven som ikkje skal betala eigedomsskatt. Det er meir overraskande at ingen tenkte på dette før avtalen mellom dei tre kommunane blei signert.

Det er ikkje å koma bort frå at dette er eit brot på avtalen mellom dei tre kommunane, som folk blei invitert til å seia si meining om. Det største løftebrotet er naturleg nok overfor Rennesøy, som i dag ikkje har eigedomsskatt. Her må folk rekna med å betala nokre tusenlappar ekstra  for å bli med i nye Stavanger.

Nå kan det godt vera at Rennesøy før eller seinare ville blitt tvinga til å innføra eigedomsskatt viss kommunen hadde halde fram som sjølvstendig kommune, men det veit me ikkje.

I forslaget som ligg på bordet skal eigedomsskatten inndelast i soner.  Sentrale områder av Stavanger får den høgaste skatten som skal trappast gradvis ned alt etter kor langt frå rådhuset i Olavskleiva eigedommen ligg. Lågast blir det på dei ikkje landfaste øyane. I tillegg er også likningsverdien, som skal ta utgangspunkt i kva pris ein kan venta å få for eigedommen, lågare i utkantane i den nye kommunen.

Det er lett å sjå logikken i dette ut frå distriktsargumentet.  I realiteten betyr det at Stavanger og sentrale strøk av kommunen subsidierer utkantane. Det er eit godt innarbeidd sosialdemokratisk prinsipp.

Det som blir interessant er likevel kor grensene skal gå. For også i forslaget frå kommunedirektøren blir det operert med eigne soner for Vikevåg, Østhusvik og Judaberg.

Men kven skal trekkja grensa for kor langt Vikevåg eller Judaberg strekkjer seg. Det var vel dette argumentet som blei brukt mot intensjonsavtala. Stavanger har i mange år hatt ulike takstar, og Vassøy slepp til dømes billegare. Men det er ei øy, og ingen kan vera i tvil om kor grensa går der.

Det blir uansett interessant å følgja denne saka vidare, og siste ord er neppe sagt sjølv om ho nå ligg an til å bli banka gjennom i bystyret.