June Vastveit er namnet. Ho har to 9.plassar i NM frå tidlegare, og spela nyleg NM 2019 i Stavanger saman med partnar Sissel Bjørvik.,

- Me kvalifiserte oss då me vann 2-1 på tysdag, men så rauk me ut i første runde onsdag med 0-2. Men me var nøgd med å kvalifisera oss, og så vann me kampen på tribunen. der hadde eg heile familien frå Finnøy, mor, mormor, tante og onkel og systera mi.

30-åringen spela fotball for Finnøy IL då ho var yngre, men etter ein korsbandskade måtte ho slutta med det.

- Eg er jo svært glad i ballsport og begynte med volleyball då eg studerte på Ås, og så blei det sandvolley då eg flytta til Oslo. Det har eg drive med dei siste fem åra. Sandvolley er betre for beina mine enn fotball, fortel June – som bur i Oslo, der ho har jobb i Eco-1, som sel biodrivstoff til bilar, bussar og ferjer.

Akkurat no er June heime på sommarferie hos familien på Judaberg. Dei siste ni månadane har ho vore heime i permisjon saman med dottera Lilly, men 16. juli er det tilbake i jobb igjen.

- Du har ikkje tenkt å vera med på volleyballturneringa under Tomatfestivalen?

- Det har eg prøvd før, men det har aldri passa. Får sjå om eg får det til i år.