|

-Det har vore ein svært travel, men også svært lærerik og spanande prosess der eg spesielt vil rosa dei mange tilsette og tillitsvalte som verkeleg har stått på og gjort ein kjempeinnsats, seier prosjektrådmann i Nye Stavanger, Per Kristian Vareide til Øyposten.,

Måndag er det kommuneval og finnøybuen og rennesøybuen skal gå til valurnene. For første gong skal dei også stemma over kven som skal ha den politiske styringa i Stavanger kommune. Også det omfattande arbeidet med å gjennomføra alt det praktiske og administrative arbeidet med å smelta dei tre kommunane saman til ein ny, er no inne i sluttfasen. Det har kravd betydelege økonomiske ressursar, men også store administrative ressursar frå mange av dei tilsette i dagens tre kommunar.

No er også Vareide glad for at det endeleg nærmar seg slutten på denne prosessen, og at storparten av dei viktige politiske sakene som ligg nedfelt i intensjonsavtalen  er på plass. Prosjektrådmann er også glad for at ein har klart å halda seg innafor dei økonomiske rammene som Fellesnemda har vedteke for sjølve samanslåingsprosessen.

-Den økonomiske ramma ligg på 85 millionar kroner, der 65 millionar er direkte statlege tilskot. Frå våre budsjett er det løyvd 20 millionar kroner til dei mange praktiske samordningstiltaka som også må gjennomførast for å få gode og rasjonelle fellesløysingar for den nye kommunen. Då særleg relatert til ei samordning av It-løysingane. Det er også positivt at me har leigd inn svært lite, eller mest ingen eksterne konsulentar til å gjennomføra alt dette, men nytta eigen kompetanse. I tillegg har me har hatt ein god og konstruktiv dialog med dei tillitsvalte i heile denne prosessen og hatt jamlege møter med dei kvar 14. dag i heile perioden, fortel Vareide.

-Men det må ha jo ha vore travelt for dei tilsette, som også har utført denne type arbeid i tillegg til det vanlege av det som er deira primære arbeidsoppgåver i kvardagen?

-Ja, absolutt. Og eg innrømmer gjerne at det har vore heilt nødvendig å setja enkelte ting på vent. Men det er også ein del av dette totalbilete, som eg håpar at innbyggjarane har hatt ei viss forståing for.

Jon Asgaut Flesjå