- Eg tykkjer det er merkeleg at elgen er å sjå på denne sida av øya. Eg ville nok tru det var meir naturleg på nord- og aust sida kor det er mindre busetting. Men det er fleire som har observert den her, så eg er ikkje i tvil om at det var elg. Vaksne folk som har sett ein del hjort før vil nok ikkje ha problem med å skilja ein elg frå ein hjort, elgen har fleire karakteristiske trekk og har ingen artar som liknar på seg, fortel Byberg.

Elg er ikkje vanleg på Vestlandet, men i den seinare tida er det gjort fleire observasjonar av elg i Rogaland, spesielt på Karmøy. Det har «alltid» vore slik at hjorten høyrer heime på Vestlandet og elgen på Austlandet, men det ser altså ut til å ha endra seg.

- Eg kan ikkje uttala meg om det her er snakk om fleire enn éin elg, men eg har høyrt at det også på Halsnøy blei observert elg fleire stader tidlegare i haust. Elgen som blei sett på Ombo er ein hann som blei fødd i fjor. Når brunsten nærmar seg om hausten, byrjar dei unge oksane å vandra vekk, hovudsakeleg fordi dei blir jaga bort av dei eldre, og såleis må finna sine eigne område. Den er truleg på leit etter ein stad å slå seg ned, og nokså sikkert også ein partnar, seier landbrukssjef i kommunen, Silke Ullrich.

Seniorrådgjevar ved Naturvernsseksjonen hjå Fylkesmannen, Cathrine Stabel Eltervåg, seier til avisa at det er meldt om elg mange stader i Ryfylke, men ho har ikkje høyrt om elg i Finnøy før.

- Elgen er ein dyktig symjar så eg har ingen problem med å tru at den kan forflytta seg over store avstandar til sjøs, seier Stabel Eltervåg.

-

-Jo, det tykkjer eg er heilt greitt. I alle år har det vore så mykje hjort her, at det kan vera greitt med litt forandring, seier Tor-Reidar Byberg.