I år som i fjor, og året før der, ynskjer lokale song-og musikkrefter jula velkomen med ein varm og vakker julekonsert i Hesby kyrkje bittelitle julaftan. Det er berre å senka skuldra og fylle sjela med vakre tonar frå nye og gamle julesongar.,

- Me har blitt skikkeleg glad i denne stunda og stemninga kvelden før kvelden, før kvelden. Vår mål er at dei som kjem skal få høve til å «skru av» ein times tid før innspurten, og sjølve julehøgtida sett inn, seier Kjell Emil «Kjelli» Berge, som er solist og ein av initiativtakarane.

Musikarar og solistar er dei same som i dei to føregåande åra: Kjell Emil «Kjelli» Berge, Gunhild Vignes, Magnhild Vignes Kalleberg, Arnhild Rake, John Kenneth Hatletvedt, Olaug Øygarden og Gaute Tengesdal.

Konserten er gratis men dei som ynskjer kan gi eit bidrag til Finnøy kristelege Ungdomslag som feira 100-års jubileum år tidlegare i år.