Dei nye planane omhandlar heile det område som inkluderer dagens verksemd, men også ei framtidig utviding på vel fem dekar.,

Bedrifta som produserer betongelement og ferdigbetong, ligg plassert i eit såkalla kjerneområde for landbruk (LNF-område), og ei kvar utviding og regulering er difor kontroversiell. Det har igjen, som omtalt i Øyposten, ført til at enkelte grunneigarar i nærleiken protesterer kraftig mot desse planane. Også i den offentlege behandlinga hjå Finnøy kommune og Fylkesmannen i Rogaland, vil ei slik etablering og utviding i eit LNF- område naturleg nok vera utfordrande.

,- Det er nettopp etter råd frå Fylkesmannen at me no gjer dette. Då tek me høgde for framtidige behov for utviding, og inkluderer difor heile det område som i dag er omfatta av produksjonen til bedrifta. Det får då som konsekvens at me flyttar heile produksjonslinja på nedsida, vest for dagens produksjonshall, og regulerer om eit areal på tre dekar på oppsida tilbake til LNF-område, seier dagleg leiar, Lars Jøran Flesjå.,-

Men her går det jo med nye fem dekar fulldyrka jord?,-

Ja, det er korrekt. Men ein fører også noko tilbake, påpeikar Flesjå som er rask med å understreka at med den nye utvidinga, som primært skal nyttast til lagerplass for betongelement, så har ein også tatt høgde for framtidig vekst.,

-Så er det nå ein gong slik at me har vore her i snart 25 år og har ekspandert og utvikla oss mest heile tida. Men me har også tenkt å vera her i mange år framover. Det er difor me no regulerer heile dette området, som også omhandlar veg og dagens bygningar, påpeikar han.

- Me har også vore veldig bevisst på å gjera dette så skånsamt som mogeleg , og til det betre for omgivnadane. Difor har me også teke nøyaktige støymålingar, der det er lagt inn dobbel så stor trafikk som i dag. Då er det positivt at denne ligg under dei grenseverdiane som er sett. Så regulerer me også inn den vegen som me i dag nyttar til transport, både til og frå produksjonshallen, sjølv om dette er ein privat veg som fleire grunneigarar gjer hevd på. Mellom dei er også vi. Men me har heile tida drive betydeleg vedlikehald og gjennomført ei omfattande oppgradering av vegen for eiga rekning. Også det er gjort med mål om at det skal vera til det beste for alle partar, slår Flesjå fast. -Men så lenge me gjer dette etter oppmoding og føringar frå Fylkesmannen, er eg også optimistisk med tanke på at me får hovudelementa i planen godkjent. Då har me også sikra oss for lang tid framover, legg Flesjå til.

Jon Asgaut Flesjå