Helgaland er ein av dei høgast liggjande gardane i Hjelmeland kommune, og frå nyttår skiftar denne delene av Ombo over til Nye Stavanger. Då kan garden definitivt smykka seg med tittelen den høgast liggjande garden i Stavanger.,

Det er avisa Strandbuen som melder at Helgaland er ein av dei aktuelle stadene for Farmen 2020. Temaet for Farmen 2020 er «fjell og hav».

Hjelmeland har også tidlegare blitt førespurd om å komma med forslag, skriv Strandbuen. Men denne gongen  har kommunen tatt det meir på alvor.

-Tipset om Helgaland på Ombo er bra, men det må me senda vidare til Stavanger kommune, seier kulturkonsulent Eldfinn Austigard i Hjelmeland kommune til Strandbuen.

Eigaren av Helgaland, Arnfinn OIlsen, tek det heile med knusande ro.

-Det er bare synsing dette, garden er bare nemnt som ein av fleire aktuelle, seier Olsen til Øyposten.

-Men kva om det blei Helgaland, ville ikkje det vore moro?

-Det får eg vurdera når den tid kjem, men eg trur det er små muligheter for at det blir her, seier Olsen.

Av andre stader som er nemnt er Segadal i Jøsenfjorden og Helgaland ovanom Trodla-Tysdal.

-Farmen-gardane må vera ganske aude, då me ikkje skal kunna sjå bort til naboen. Derfor er desse gardane ofte godt gøymde, nesten så godt at ein ikkje sjølv veit at dei finst, skriv produksjonsselskapet Strix Televisjon i i ein epost til Strandbuen.