Stephan Dickinson har fått grønt lys til bruksendring av Martha Aaas-huset.

FINNØY:

– Dette er eit viktig skritt vidare for å etablera restautanten, seier eigaren av huset, eigedomsutviklar Stephan Dickinson til Øyposten.,

Ifølge Dickinson vil arbeidet med å klargjera kjellaren i huset til serveringsstad begynna like over nyttår. Dessutan er det drenert rundt murane, pluss at golvet i kjellaren, kor det i si tid var butikk, er blitt senka.

– Det første som nå skal skje er montering av eit fullt utstyrt kjøkken, opplyser huseigaren.

https://www.oyposten.no/2021/12/23/ikkje-berre-ein-men-to-bedriftar-for-bygdakokken-i-2022/

Åpnar til påske

Planen er å åpna for servering til påske, ein tidsplan Dickinson meiner ligg godt an.

– Planane for restauranten er blitt svært godt motteke i kommunen. Det har bare vore positive tilbakemeldingar frå alle hald, legg han til.

Dickinson reknar med at kjellaren vil ha behageleg plass til 30-40 spisegjester. Løyvet frå kommunen omfattar også uteservering i hagen, med nybygg der kor garasjen er i dag.

https://www.oyposten.no/2021/12/22/jubel-for-planlagd-restaurant-med-uteservering/

God plass

– I første omgang planlegg me å servera utegjestene frå garasjen, nybygget blir neste byggesteg, opplyser han.

– Kva stil kjem det til å bli i restauranten?

– Me vil ta vare på mest mulig av hagen, kor det kan bli plass til 70 gjester. I tillegg vil det bli ein lun og skjerma uteplass på baksida av huset, med plass til 30. Inne i kjellaren i huset vil me bevara mest mulig av den gamle atmosfæren. Dette skal bli ein koseleg serveringsstad, og eit tilbod som Judaberg manglar i dag, avsluttar Stephan Dickinson.